STOUT ANNE PAA BORRESTA.[1]

Ved Rikard Berge.

 

 

Stout[2] Anne ho bur uppaa Borresta[3] gaar,

ho æ sæg blant frugur dei blie,

ho sveiper sæg baade[4] i silkje[5] aa maar,

om hennar gjæng segninn’[6] saa vie.

Gu laat[7] hennar liva evindelæg[8] væl!

 

Ho fagnar sin herre den adel saa go[9]

ein høvding i Norriges rikje;

han tener kons kongje te hest aa te fot,

fe ingjen saa ville han vike.

Gu laat o. s. v.

 

Ho lyser i stoga, ho pryer i gaar,

ho heve saa mykje aa gjera

mæ bonden, som uppe i fjøddo[10] bur,

naar[11] han te byen maa fara[12].

Gu laat o. s. v.

 

Ho hjelper[13] paa bonden, æ ingjen for stor,

de[14] maa me i fjøddo berømma,

ho æ fe okkon ei dygtig[15], bli mor,

Gu sko hennar derfe[16] belønna.

Gu laat o. s. v.

 

Kjæm du om møno[17] hel mørkaste naat,

ho helle sæg alt mæ de sama[18],

ho skaffar kon konne, aa kongjen sin skat,

de tykkes[19] ‘kon alti stor gama[20].

Gu laat o. s. v.

 

Ho tor fulla gjeva kon mundgot[21] i skaal

naa’ me koma[22] trøtte aa arme,

ho skaffar kon konne mæ reieleg maal,

me turve ‘kje syte aa harme.

Gu laat o. s. v.

 

Me skullar ‘kje fruga, ho reieleg æ,

timfuten[23] han gjer kon stor harme,

han Daniel æ mykje vanden om tre,

der maa me baa’ kjyte aa larme.

Gu laat o. s. v.

 

Naar han kjem mæ jønne paa timerstok

han vond æ aa gjera te nøjes,

han agtar ‘kje kadden[24], han agtar ‘kje pjok,

de gjenge feuta asløgje[25].

Gu laat o. s. v.

 

Om stokkjen æ diger aa fulla tru lang,

han finne mæ honom eit lyte,

anten føyra æ i ‘en, hell ‘en æ noko vrang;

han gjere baat’[26] vrakar aa snyter.

Gu laat o. s. v.

 

Gu signe dæg fruga, du stænde kon bi,

timfura[27] me inkje sko spara

i detti aars evne aa skrøpeleg ti,

me tener kons brou mæ de sama.

Gu laat o. s. v.

 

Saa længje som me konna styre kons plog,

saa længje som kjyre[28] vi trivas,

aa furu vi væxe[29] uti kons skog,

me hugnas mæ hennar aa liva.

Gu laat o. s. v.

 

Far væl vene moer,[30] fruga kons!

mæ frugur aa jomfrugur balde;

far væl høge adel, Anne Arnoldt,

me ønskjer[31] dæg uti Guds valde!

Gu laat hennar liva evindelæg væl!

 

 

Visa um »Fru Anne Arnold paa Borgestad«, som M. B. Landstad kallar ho (Norske Folkeviser CIV, s. 683-86) kjen­ner me mest berre fraa hans hond.[32] Ein einaste kvedar, Rikard Berge paa Raudland (d. 1902), kunde noko av ho. Etter honom er tonen; av viseformi han kunde skreiv eg (i 1897) dessverre upp berre fyrste verse, og daa de var likt Landstad v. 1, var eg for ung den gongen til aa hava vit til aa skrive upp alt. Men eg hev all grunn til aa tru at hans form var munnlærd og fyrstehands; de skynar ein au av han hadde tone til visa, noko Landstad ikkje hev. Visa skulde au vera kjend paa folkemunn i Heitdal, men mogleg etter Landstad.

 

Den fyrste gongen ein finn visa nemnd i bokheimen er hjaa H. von Løvenskiold, Beskrivelse over Bradsbierg Amt (1784), som s. 90 hermer fyrste lina av »en Vise paa Fieldsk saa be­gyndende: Stolt Anne hoe bur ute paa Borestad gar etc.«Tvo aar etter nemner H. J. Wille ho i dagboki si (under 27/6 1786)[33]. Men umveges høyrer ein gjeti ho alt i 1722, i di eit helsingsdikt til Fredrik den 4de (Nocklo lentuge Røddur aa Yskie-Quæ Digta uti Kongs-Staen Kiøpenham, etc. Kphv. 1722)[34] hev laant umkvæde sitt fraa ho. Dette luar:

 

GU Laat’ Dæ KongeLeg HVVs

I HeIMen her Lenge Le Va.[35]

 


Denne visa hermer elles etter visa um »Fru Anne« heile vegen.

 

Uppskrifti til Landstad kjenner me i 2 formir: A den han prentar i N. F. CIV, ialt i 2 vers (nemnd Ld); B ei uppskrift paa 6 vers han hev skrivi inn i Kallsboki i Kvitseid, un­der »Series Pastorum« nr. 12 (nemnd K). Ei full samanlikning millom desse uppskriftine er so vigtig baade for visespursmaale her og for andre spursmaal, at me tek ho med:

 

Kvitseid kallsbok (K)

N. F. CIV (Ld):

Stout Anne ho bur uppaa Borresta Gaar

Ho æ sæg blant Frugur dej blie

Ho sveiper sæg baae i Silke aa Maar

Om hennar gjæng Segning saa vie.

Gu laat hennar liva evindelæg væl.

Stolt Anne hon bur upá Borgestað gárð

hon er seg bland frugur del bliðe,

hon sveiper seg báðe i silki og márð,

um hennar geng segninn sá viðe.

Guð lat hennar liva evindeleg vel !

Ho fagnar sin Herre den Adel saa god

Ein Høvding i Norriges Rikje

Han tener kons Kongje te Hest aa te Fot

Fe Ingjen saa ville han vike.

Gu laat o. s. v.

Hon fagnar sin herre, den adel sá góð,

ein høvding i Norigs riki,

han téner kongin til hest og til fót,

fer ingin sá vilde han vike.

Guð lat hennar o. s. v.

Ho hjelper paa Bonden, æ Ingjen for stor

Dæ maa me i Fjøddo berømma

Ho æ fe okkon ei dygtig bli Mor

Gu sko hennar derfe belønna.

Gu laat o. s. v.

Hon hjølper pá bonden, er ingin fer stór,

deð má me i fjøllo berøma,

hon er fer okkon ei nytug bIið mór,

Guð skal hennar derfor beløna.

Guð lat hennar o. s. v.

Kjæm du om Møno hel mørkaste Naat

Ho helle sæg alt mæ dæ samma,

Ho skaffar kon Konne, aa Kongjen sin Skat

Dæ tykkes kon alti stor Gama.

Gu laat etc.

Keme du um mønno hell’ myrkaste flott

hon held’ seg dá alt með deð sama,

hon skaffar ‘kon konnið og kongin sin skatt,

deð tykist ‘kon vera stor gaman.

Guð lat hennar o. s. v.

Ho tor fulla gjeva kon Mundgot i Skaal

Naa me komma trøtte aa arme,

Ho skaffar kon Konne mæ reieleg Maar

Me turve ‘kje syte aa harme.

Gu laat etc.

Hon tor fulla geva ‘kon mungát i skál

nær me koma trøytte og arme,

hon skaffar ‘kon konnið med reideleg mál,

me turve ‘ki syte og harme.

Guð lat hennar o. s. v.

Saa længje som me konna styre kons Plog

Saa længje som Kjyre vi trivas

Aa Furu vi væxe uti kons Skog

Me hugnas mæ hennar at liva.

Gu laat hennar liva evindelæg væl!

Sá lengi som me kunna stýre ‘kons plóg,

sá lengi som kýri vil trivast,

og furo vil vexe úti ‘kons skóg,

me hugnast með hennar at liva.

Guð lat hennar o. s. v.

            


               

De mest forvitnelege med jamføringi ligg i skrivemaaten. K er ei mykje fin og god attergjeving av bygdemaale, ei ljod­rett uppskrift; Ld er ei heilt etymologisk. K er ei uppskrift fraa 1834 eller 1835, i di Landstad i Kallsboki s. 100 fr. hev ført inn »Series Pastorum« fyri 20de juli 1835; daa hev biskop Siegwardt underteikna at Kallsbok-innførsla er » fremlagt i Visitatsmødet«. Men Landstad kom til Kvitseid 1834, so uppskrifts-tidi maa liggje i den millomtidi. Denne visa er daa noko av den fyrste folkediktingi Landstad skreiv upp. Og upp­skrifti slær fast nokre vigtige ting :

1.             At den maalbunaden som »Norske Folkeviser« hev i gamalnorskt pansar og plate — ikkje kjem fraa Landstad.

2.             At Landstad var noggrann i uppskriftine sine, so han baade gav tekstformi som han fekk ho og bygdemaale som han høyrde de.

3.             At Landstad alt 1834-35 hadde teki til med uppskriving av folkedikting.

 

Um ein tenkjer paa maalbunaden i »Norske Folkeviser«, so veit ein fyrr at Landstad laag under press av P. A. Munch.[36] Men ein hev ikkje fyrr visst at Landstad var so næpin ein uppskrivar, og at hans uppskrif­tir i formi laag so merkeleg nære den skrivemaaten me brukar no.

 


Kvar fekk Landstad denne visa ? Dej fleste hev trutt at han hadde ho fraa eit gamalt handskrift. K syner oss no at ho er fraa folkemunn. Eit handskrift vilde ikkje havt so reint bygdemaal; Landstad vilde rimeleg au sagt at han hadde ho fraa handskrift, hadde de vori so. I alle fall vilde ein av rart skrivne ord, uskynlege formir og dertil tydningar skyna de. Landstad segjer daa au i fotmerknaden s. 683 at ho »er bleven til en Folkesang i Thelemarken«.

 

Ein skulde tru visa var uppskrivi i Kvitseid-maal; paa de tyder formine »fruga«, »hennar«, »kons«, »trøtte«. Men so kjem stingande formir som »fjøddo«, »okkon«, »tykkes« (>: tikjes), »kjyre«; desse høyrer berre til fjøllmaali (Raudland, Vinje, Mo, Fyrisdal), nærare sétt maalføre i øvre Raudland og i Grungedal. Landstad hev skrivi som han fekk de; blandings­maale maa difor hava ein av tvo grunnar: anten er kvedaren ein fjøllmann som ei tid hev butt i Kvitseid (eller at visa hev komi or fjøllbygdane til Kvitseid), eller so er visa fraa fyrste dikta paa fjøllmaal (> : maalføri i dej fyrr nemnde bygdane). De seinste vilde svara til at visa var »paa Fieldsk«, som Lø­venskiold segjer[37] men for ein bymann høyrde Kvitseid au til fjøllstogo, so de sæter mindre.

 

K er berre halvparten av Ld; men Landstad segjer i Kallsboki at han set »til Prøve følgende Vers« (her fylgjer dej 6 versi, B) Han hev soleis havt meir enn dej 6 han skriv av, og de hev daa vori heile uppskrifti. Men han hev havt visa herre etter ein kvedar; for han set ingi avbrigd[38]. Um visa hev vori lenger, kann ein ikkje segja. Ei jamføring med etter­likningi fraa 1722 syner at der kunde vori rom for litt lenger utmaaling[39].

 

Visa er historisk i emne. Denne »Stout (stolt) Anne paa Borresta« var fruva til generalmajor Johan von Arnoldt (f 1638, d. 1709), ein tyskar som i 1667 vart kaptein ved Gyldenløves dragonregiment i Noreg. 1681 fekk han tenest ved Vesterlenske regiment, fraa 1699 med titel av generalmajor[40]. Han var 4 gongir gift, 4de gongen 1692 med Anna Clausdotter (f. 5/6 1659, d. 4/4 1713), dotter til lagmannen Claus Andersen i Skien. Ho var daa ho tok major Arnoldt enkje etter Sti Andersen Tønsberg. 1702 høyrer ein at major Arnoldt kauper »Borresta gaar« av ervingane etter Halvor Borse[41]. Porsgrunn og seinare Borgestad var privilegiera lossing av kornvarur fraa Danemark[42], og Fru Anna skaffa difor telebonden »korne«, som visa segjer. Ho aatte mykje jordegods uppi Telemarki, og ho maa i de heile hava vori eit drivande kvende; ho styrde med skipsverv og dreiv timbhandel; ho aatte Ulefoss bruk, og handla difor mykje paa Telemarki[43]. Ho var, som Landstad segjer, sjølv forretningsmannen, medan majoren tente kongen[44]. Bilæte visa gjev av henne i so maate er fullt ret.

 

Visa skildrar henne so tyd og blid, og fyrst og fremst so reideleg. De var sant; ho var so. De er kjent koss borgarpri­vilegii fekk bonden i sekken paa alle vis, lite og inkje for de han ytte, ovprisar paa de han kaupte, og tidast aa taka vare og aldri sjaa kontanten. So fór ikkje fruva paa Borgestad og mannen hennar. Paa tinge paa Bjaaland i Laardal 20/6 1694 vart soleis vinbyggjane tilspurde um koss de var med »Lasten og Kjøbmændene«. Dei svara at naar dej handla med assessor Barnholt, so fekk dei »nogle penge til deres skatter«, men ikkje naame nære nok; dei som handla med »Brigadieren« (>: Arnholdt) derimot fekk fulle skattepengar[45]. Hadde ho handla med folk som trega handelen, freista ho aa rette de paa beste maate. Torleiv Gaasetjørn kaupte Haukvik i Saudherad av Fru Anna, og gav 600 speisidalar. Men sidan angra han handelen, og ho let honom reka umatt og esla honom endaa 9 tunnur skyld i Nord-Lindheim i Nesherad[46]. Ein kunde or rettsbøkane draga fram fleire døme, som syner noko so nær de same. Ein kjem difor til at visa gjev eit sannferdlegt bilæte baade av personar og tid; ho vert difor eit markande kultur­bilæte.

 

Visediktaren er »ifølge Sagnet Hans Povelsen Paus, prest i Kvitseid 1683-1715, segjer Landstad (N. F. s. 683). Denne uvisse namnefestingi - »ifølge sagnet«, »etter segni« - gjeng fraa Landstad att hjaa ymsne forfattarar[47]. Landstad brukar ordleidingi for di han berre hadde munnleg fraasegn aa halde seg til; de er visekvedaren som hev gjevi honom upplysningi.

 

Han visste ikkje at alt 70 aar fyre hadde H. J. Wille fengi same forsegningi, og hjaa honom heiter de ikkje »ifølge sagnet«, men beinfram so: »Den [>: Bukkøy i Kvitseid] tilhørte i gamle Dage Fru Anne Arnold paa Borrestad, men blev foræret først i dette Aarhundrede til Sognepræsten Hr. Hans Paus for en Thelebonde­Vise, han gjorde over hende, hvorunder Øen blev lagt til Gaar­den Næs i Sunne-Kilen[48], som Præsten da eiede« (dagbok for 17/6 1786, fyrst prenta 1881 i (Norsk) Historisk Tidsskrift R. 2, III, s. 160). Daa Wille livde berre eit par mannsaldrar etter diktingstidi, og var uppfødd i grannebygdi til Kvitseid, so bør me lite paa hans ord; han hev visseleg havt fyrstehands sogu­mann. Dej fleste no er daa au samde um aa godkjenne Paus for diktaren[49].

 

Hans Paus var av presteætt. Godfaren, Povel Vindius, var prest i Kvitseid, og faren prest i Hjartdal, der Hr. Hans var fødd 1656. Han døydde paa Kvitseid prestegard 1715. Dei som vil vita meir om honom viser eg til Andreas Blom, Efterladte historiske optegnelser, 1904 (s. 41 fr.), og sèrleg til Qvisling, øvre Telemarkens historie i det 17de aarhundrede (s. 22 fr.), jfr. same, Familierne Paus og Post i Telemarken[50]. For oss her er de aa merke at Paus var ein folkeleg og reideleg mann; og de er mark paa diktargaave at han jamvel i rettsstil maalfører seg folkelegt, fyndigt og heiltupp poetiskt. Han tek t. d. soleis til ords i ei protokoltilførsle paa tinge i 1694: »Man siger for et gammelt Ordsprog at en Mands Ord er en Mands Ære, medens jeg nu ugjerne maa fornemme, hvorledes Ord og Haand i disse Tider lidet eller intet iblandt en Deel er at agte. . . «[51]. Ein mann som kann ordhaga rettsmaale sitt soleis, han hev havt sers syn for de folkelege. Han hev visseleg lydt med vakt øyra etter folkevisekvedingi, og difor er de ikkje undrande at han diktar i folkevisestil, med ei maalbering som samstundes er haaglitterær og aalmuge-adeleg. Han hev venteleg havt samhug med bondestriden. Liksom han tok strengt paa alle kjeltringar og usætur i kyrkjelyden, so er han likso streng med snytarar fraa byen. Timbfuten Daniel er ein type likso fullt tekin ut or live som han er historisk, og visa tolkar tankane baade hjaa diktaren og bonden naar ho segjer princi­palen sanningi um den ureidelege tenaren. Bonden trur Fru Anna som han trur kongen, og mistrur Daniel timbfut liksom han mistrur den kongelege embætsmannen; Paus hev difor raaka brennande godt naar han gjer Fru Anna til »mor« for folke som kongen var »far« deira. Ikkje minst dette hev gjort visa so folkekjær.

 

Visa er dikta etter Fru Anna kom til Borgestad (1702) og fyri generalmajor Arnholdt døydde (1709)[52]. De er ingin nekrolog[53]; Fru Anna fekk høyre visa; difor gav ho au i »Brage-løn« Bukkøyi i Kvitseid-fjorden[54]; Bukkøy laag fælt lagleg til Nese, garden aat Paus.[55] A. L. Coll set diktingstidi til »ca. 1705« (Telemarken s. 67, fotm. 2), men hev vel knapt andre prov enn deim som her er førde.

 

Tone.



[1] Styttingar i notane: Ld = Landstad, Norske Folkeviser CIV. K = Kallsboki i Kvitseid. Bm = bygdemaale (i Kvitseid, naar ikkje anna er nemnt).

[2] Ld: stolt.

[3] Ld: Borgestað. Borresta er brn.

[4] K : baae.

[5] K : Silke. Jfr. at K elles hev kj, gj, skj.

[6] K: Segning.

[7] Ld : lat. Gamalt bm: laat (»Gu laat inkje de«).

[8] Bm : evindeleg.

[9] K : god. Men andrestad hev K: Borresta(d).

[10] Ld: fjøllo, jfr. K: fjøddo i v. 4, l. 2.

[11] Ld : nær. K: naa (v.5, l. 2), bm : naa’ ell. naar.

[12] Ld : ferðast (fara). Fyrste formi er truleg retting av fraasegnformi, som er »fara«

[13] Ld: hjølper (som er Selgjords-maal).

[14] K : dæ (her og seinare). Bm de.

[15] Ld: nytug.

[16] Ld : derfor (som er bm. no): eldre bm: derfe.

[17] Mønno, K: Møno, i bm baae formir.

[18] K: samma

[19] Ld: tykist, bm (i Kvitseid): tisse, (Raudland, Vinje, Mo): tikkjes(t). Landst. maa truleg hava høyrt de seinste.

[20] So K, difor »sama« i l. 2.

[21] Bm: monngòdt.

[22] K: komma.

[23] Eller som Ld. Bm: timbfuten, timmfuten. Jfr. v. 8, l. 1 »timerstok«.

[24] Ld : kallen. Jfr. »fjøddo«.

[25] 2 Ld: asløgje (asløye). Parentes-formi er den Landst. hev høyrt. Bm (Kvitseid, Selgj.) assløgje, (Raudland, Vinje, Mo) aasløgje.

[26] Ld: báð’, bin: baad’, baat’, baa’.

[27] Ld: timbfuro (som er Kvitseidmaal), bm (Raudland, Vinje): timmfura.

[28] So K; reint Vinje maal; Kvitseid: kjyri.

[29] Bm: vekse.

[30] Ld: mo’r; for versemaale heller: moer, som au kann vera bm.

[31] Jfr. v. 5, l. 1 K: mørkaste.

[32] H. N. Tvedten i »Fremskridt« 1887, 79 (seinare i »Sagn fra Telemarken« S 146-48), J. L. Qvisling, Familierne Paus og Post i Telemarken (1893), s. 8, Helland, Bratsberg amt I (1900), S. 439, Hægstad og Skard, Af litteraturen før 1814 (1902), s. 130-31, J. L. Qvisling, Gjerpens prestegjelds og presters historie (1905), s. 168-69, »Varden« 4/11 1910, 265 o. a. soknar alle til Landstad.

[33] (Norsk) Historisk tidsskrift R. 2, III, S. 160.

[34] Jfr. Hj. Pettersen, Bibliotheca Norvegica II, 2, nr. 3469, 4645 h; Norges Historie V, 1 (Kr.a 1911), s. 210: D. A. Seip i »Syn og segn« 1917, S. 181-82; Oluf Kolsrud i »Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen« IV (1917), S. 228.

[35] Bogvennen 6 (1898), s. 168; J. A. Schneider, Fra det gamle Skien I, s. 127.

 

[36] Moltke Moe i »Nordmænd i det 19de aarhundrede« II, s. 242 og 300 o. a. St.

 

[37] Beskr. over Bradsbierg Amt s. 90.

[38] Parentes-formine Ld 34 (fara) og 84 (asløye) tyder berre at so lua ordi i uttalen.

[39] Jfr. desse versi av visa fraa 1722 med Ld: 2 og 1, 3 og 3, 6 og 2, 7 og 1-2, 8 og 6, 12 og 12, 13 og 12.

[40] Personalhistorisk Tidsskrift I, 229 fr. ; C. J. Anker, Biografiske data om 330 norske . . . generalspersoner S. 35-36; Bricka, Dansk biogr. lexikon I, s. 342-43; Tvedten, Sagn fra Telemarken s. 144 fr. ; Qvisling, Gjerpens prestegjelds og presters historie (1904), s. 133 fr. ; Schneider, Fra det gamle Skien I (1914), s. 81, jfr. s. 38; (Landstad, NF s. 683, merkn.; Helland, Bratsberg amt I, s. 438; A. Coll, Grenland (1902), s. 122  23, jfr. same, Telemarken (1910), s. 297; Chr. Gunheim, Gamalt fraa Telemork2 (1915), s. 39) o. a. st.

[41] Landstad, N. F. s. 683, fotm.; H. N. Tvedten, Sagn fra Telemarken s. 144 fr.; A.L. Coll, Skiensfjordens industri, 1ste hovedafd. s. 56 fotm.

[42] J. Kraft. Top Stat. Beskrivelse over Kongeriket Norge, III (1826) s. 10.

[43] Løvenskiold, Bradsbierg Amt s. 89-90.

[44] Landstad s. 683 fotm.

[45] Tingboki for »Øvre Telemarkens Vestfjeldske Sorenskriverie«.

[46] H. N. Tvedten i »Fremskridt« 11/3 1892, 60 (her ifraa Chr. Gunheim, Ga­malt fraa Telemork2 s. 39).

[47] Glükstad, Hiterdals Beskrivelse s. 40; Tvedten, Sagn fra Telemarken s. 146; A. L. Coll, Skiensfjordens industri, 1ste hovedafd. s. 56, fotm.; Af litte­raturen før 1814 (1902), s. 130 (her stend visa utan diktarnamn, og i re­gistere s. IX med (?) etter de misvisande namne: Nils Povelsen Paus); D. A. Seip i »Syn og Segn« 1917, s. 215.

[48] Ludv. Daae les: »Sume-Kilen« (?).

[49] Qvisling, Familierne Paus og Post i Telemarken (1893) s. 8, jfr. same, Gjerpens prestegjelds og presters historie (1904), s. 168, og same, øvre Telemarkens historie i det 17de aarh. s. 28; Helland, Bratsberg amt I, s. 438; A. L. Coll, Grenland (1902), s. 122, jfr. same, Telemarken s. 67 og 296; Andreas Blom, Efterladte historiske optegnelser (1904), s. 43; Varden 1910, 4/11, 265 og 10/12, 301;  J. A. Schneider i »Fremskridt« 27/1 1917, 49.

 

[50] Um Paus-ætti vil ein finne i ei rad personalhistoriske arbeid, som de ikkje er lønt aa nemne her. Sjaa ogso »Deichmannske bibliotek. Reg. til Norges tidsskrifter«, under Paus; Lampe, Bergens Stifts Biskoper og Præster, un­der Paus o. s. b. Paus er ogso nemnd flestestad der visa er umtala.

[51] Qvisling, øvre Telemarkens historie i det 17de aarhundrede s. 27.

[52] Jfr. Andreas Blom, Efterladte historiske optegnelser s. 43.

[53] Oluf Kolsrud set ho til 1713, truleg av Fru Anna døydde de aare (Nordisk tidsskr. för bok- och biblioteksväsen IV (1917), s. 227). Sameleis D. A. Seip i »Syn og Segn« 1917, s. 215.

[54] Nemnt hjaa mest alle forf, som talar um visa.

[55] 1720 høyrer ein at Bukkøy ligg til Nese; men noko skøyte til Paus kjen­ner me ikkje.